Nyhende Regionale utviklingsmidlar

Regionale utviklingsmidlar: Sogn og Fjordane og Oppland

Regjeringa delar årleg ut milliardbeløp til fylkeskommunane. Midlane kjem frå statsbudsjettet kap. 551, post 60 og 61, og skal stø prosjekt som fremjar lokal samfunnsutvikling, sysselsetjing og næringsutvikling. Her ser vi på Sogn og Fjordane og Oppland.

Eg har tidlegare skreve om korleis midlane vert brukt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Her får du sjå korleis Oppland fylkeskommune har gjort tildelingar.

Då eg bad om innsyn i midlane, sendte Oppland midlar for 2012-2014, ikkje 2013-2015 som det var bede om. Forskyvninga har likevel ikkje så mykje å seie for den grafiske framstillinga.

Det er gjeve 136,7 mill. kr i tilskot. I tillegg kjem ein ufordelt post på 149,4 mill. kr. Av denne går 97 mill. kr til Innovasjon Noreg. I tillegg kjem RDA-midlar på 14,4 mill. kr og partnarskapsmidlar på 22,5 mill. kr. LUK-midlar på 4,1 mill. kr er også trekte ut. Summen til Innovasjon Norge er rammetilskot. Partnarskapsmidlar er andre statlige midlar enn frå kap. 551. LUK-midlar kjem også gjennom eiga tildeling, og er difor andre statlege midlar.

Slik vert midlane brukt i Oppland

Eg har visualisert fordelinga i Google kart. Grøn syner dei som får mest (regionsentra), medan raud får minst. Klikk på kommunane for meir informasjon.


Sjå stort kart her

Også i Sogn og Fjordane får regionsentra mest


Sjå stort kart her

Samanlikning Sogn og Fjordane og Oppland

Lillehammer kjem tydeleg fram som regionsenter med 48,6 mill. kr tildelt som er på nivå med Flora.


Sjå stort kart her

[column2]

Lillehammer får meir enn neste fem på lista

Årsak til det er at fylkeskommunen har fått tildelt midlar til ei rekkje eigeninitierte prosjekt. Til dømes omstilling for reiselivet i Oppland, og administrasjon av statlege midlar. Elles går det midlar til prosjekt innan friluftsliv. Neste på lista, Sel, har satsa mykje på reiseliv.

Kommune
Lillehammer 48 685 571 kr
Sel 13 525 897 kr
Nord-Aurdal 12 220 000 kr
Vestre Toten 7 800 000 kr

[/column2]

[column2_last]

Minst midlar får Gjøvik og Skjåk kommune

Sjølv om Gausdal kjem nederst på lista får kommunen 3,6 mill. kr i RDA-midlar som er trekte ut frå presentasjonen. I Skjåk gjekk mest til «Odins Gull», ein krimserie for barn og unge. Serien omsette for om lag 100 mill. kr, og har skapt 50-60 arbeidsplassar i regionen.

Kommune
Vestre Slidre 807 220 kr
Skjåk 600 000 kr
Gjøvik 350 000 kr
Gausdal 319 000 kr

[/column2_last]

Arbeidsplassar i filmbransjen i Oppland

Produksjonen av «Odins Gull» ser ut til å ha skapt mest arbeidsplassar. Andre satsingar som har fått mykje midlar er Storhall i Valdres (5 mill. kr), og stadutviklingsprosjekt. Om lag 11,2 mill. kr har gått til reiseliv.

Kjeldefiler

Nedanfor er grunnlagsmaterialet saman med KML-fil brukt i Google Fusion Tables.

Grunnlagsmateriale:
kap. 551, post 60 og 61 – Oppland
kap. 551, post 60 – Sogn og Fjordane
kap. 551, post 61 – Sogn og Fjordane

Samla oversyn:
Samla oversyn – Oppland
Samla oversyn – Sogn og Fjordane

KML-filer til Google kart:
KML-fil, Sogn og Fjordane
KML-fil, Oppland
KML-fil, Sogn og Fjordane og Oppland