Nyhende Regionale utviklingsmidlar

Regionale utviklingsmidlar: Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Regjeringa delar årleg ut milliardbeløp til fylkeskommunane. Midlane kjem frå statsbudsjettet kap. 551, post 60 og 61, og skal stø prosjekt som fremjar lokal samfunnsutvikling, sysselsetjing og næringsutvikling. Her ser vi på Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Eg har tidlegare skreve om korleis midlane vert brukt i Sogn og Fjordane. Her får du sjå korleis Møre og Romsdal fylkeskommue har gjort tildelingar i perioden 2013-2015. Det er gjeve 182,1 mill. kr i tilskot. I tillegg kjem ein ufordelt post på 153,1 mill. kr. Denne er i hovudsak rammetilskot til Innovasjon Noreg.

For Møre og Romsdal er det trekt ut 308,8 mill. kr som er regionalt differensiert arbeidsgjevaravgift (RDA-midlar). Grunnen til at desse vart tekne ut, er at dei vil gje eit uriktig bilete i den visuelle framstillinga. Haram kommune har t.d. 108,8 mill. kr, medan Herøy kommune har 146,6 mill. kr RDA-midlar.

Slik vert midlane brukt i Møre og Romsdal

Eg har visualisert fordelinga i Google kart. Grøn syner dei som får mest (regionsentra), medan raud får minst. Klikk på kommunane for meir informasjon.


Sjå stort kart her

Også i Sogn og Fjordane får regionsentra mest


Sjå stort kart her

Samanlikning Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

I samanstillinga vert regionsentra i Møre og Romsdal tona ut litt. Det skjer fordi regionssentra i Sogn og Fjordane har plassert meir midlar der.


Sjå stort kart her

[column2]

Regionsentra Molde og Ålesund får mest

Dei to første kommunane Molde og Ålesund får nesten like mykje, og dobbelt så mykje som nummer tre på lista. Som i Sogn og Fjordane får dei to første kommunane like mykje midlar som dei 20 siste på lista.

Kommune
Molde 24 162 229 kr
Ålesund 23 773 269 kr
Vestnes 11 957 836 kr
Sunndal 10 406 431 kr

[/column2]

[column2_last]

Minst pengar får Rindal og Surnadal kommune

Sjølv om Aukra og Nesset kommune ligg i botnen av lista, får desse RDA-midlar som er trekt ut frå presentasjonen. Aukra får 18,3 mill. kr, og Nesset 2,9 mill. kr. Rindal har fått til oppussing av uteområde og breiband.

Kommune
Surnadal 757 776 kr
Nesset 714 214 kr
Rindal 473 533 kr
Aukra 100 000 kr

[/column2_last]

Sjømat til turistar i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal brukar som Sogn og Fjordane ein del midlar på breiband. Eit av dei interessante prosjekta, som også er næringsretta er frå Møreforsking Marin. Prosjektet heiter «Sjømat til turister i Møre og Romsdal». Turistane spør etter lokal sjømat, men finn det ikkje på menyen.

Møreforsking Marin starta difor eit prosjekt for å auke omsetnaden av sjømat på ulike utsalsstadar. Dei nye rettane skal prøvast ut på 15 ulike utsalsstadar dei har inngått samarbeid med.

Meir midlar burde gå til slike næringsretta prosjekt. I Nordland gjekk midlar til kulturutvikling i tomme fjøs, pilegrimsvandring og jakt på kulturspor i gamle skogar. Eg greier ikkje sjå kva resultat dette gjev for næringslivet.

Kjeldefiler

Nedanfor er grunnlagsmaterialet saman med KML-fil brukt i Google Fusion Tables.

Grunnlagsmateriale:
kap. 551, post 60 og 61 – Møre og Romsdal
kap. 551, post 60 – Sogn og Fjordane
kap. 551, post 61 – Sogn og Fjordane

Samla oversyn:
Samla oversyn – Møre og Romsdal
Samla oversyn – Sogn og Fjordane

KML-filer til Google kart:
KML-fil, Sogn og Fjordane
KML-fil, Møre og Romsdal
KML-fil, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal