Nyhende Regionale utviklingsmidlar

Regionale utviklingsmidlar: Sogn og Fjordane og Hordaland

Regjeringa delar årleg ut milliardbeløp til fylkeskommunane. Midlane kjem frå statsbudsjettet kap. 551, post 60 og 61, og skal stø prosjekt som fremjar lokal samfunnsutvikling, sysselsetjing og næringsutvikling. Her ser vi på Sogn og Fjordane og Hordaland.

Eg har tidlegare skreve om korleis regionale utviklingsmidlar vert brukt i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland.

Her får du sjå korleis Hordaland fylkeskommue har gjort tildelingar i perioden 2013-2015. Det er gjeve 232,9 mill. kr i tilskot. I tillegg kjem ein ufordelt post på 99,4 mill. kr. Denne er i hovudsak rammetilskot til Innovasjon Noreg.

Slik vert midlane brukt i Hordaland

Eg har visualisert fordelinga i Google kart. Grøn syner dei som får mest, medan raud får minst. Klikk på kommunane for meir informasjon.


Sjå stort kart her

Også i Sogn og Fjordane får regionsentra mest


Sjå stort kart her

Samanlikning Sogn og Fjordane og Hordaland


Sjå stort kart her

Mest på Bømlopakken

[column2]

Kommune
Bømlo 89 339 000 kr
Bergen 50 441 141 kr
Kvinnherad 26 548 411 kr
Stord 21 411 940 kr

[/column2]

[column2_last]
Det er Bømlo som har fått mest midlar, men Bergen som nummer to på lista har mest prosjekt. Mesteparten av midlane til Bømlo har gått til bompengefinansierte Bømlopakken.

10 kommunar har fått ingenting. Desse er Eidfjord, Fedje, Fitjar, Fusa, Meland, Radøy, Sveio, Tysnes, Vaksdal og Øygarden.
[/column2_last]

Hordaland har mest småprosjekt

I dei andre fylka har det vore større løyvingar over fleire millionar til enkeltprosjekt. I Hordaland er den praksisen mindre vanlig. I staden for få store, har Hordaland mange småprosjekt som får tilskot frå 50-150 000 kr og opp.

I Bergen er det fleire næringsretta prosjekt innan sjømat og reiseliv. Den neste på lista, Kvinnherad, har brukt midlane på tettstadutvikling som park og idrettsanlegg. Stord har igjen fleire næringsretta prosjekt. Mykje innan maritim industri.

Kjeldefiler

Nedanfor er grunnlagsmaterialet saman med KML-fil brukt i Google Fusion Tables.

Grunnlagsmateriale:
kap. 551, post 60 – Sogn og Fjordane
kap. 551, post 61 – Sogn og Fjordane
kap. 551, post 60 og 61 – Hordaland

Samla oversyn:
Samla oversyn – Sogn og Fjordane
Samla oversyn – Hordaland

KML-filer til Google kart:
KML-fil, Sogn og Fjordane
KML-fil, Hordaland
KML-fil, Sogn og Fjordane og Hordaland