Nyhende Regionale utviklingsmidlar

Mest midlar i regionsentra

Eg har tidlegare skreve om korleis regionale utviklingsmidlar vert brukt i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Oppland og Hordaland. Her er datamaterialet slått saman i eitt kart. Samstundes er dei fem sterkaste kommunane skilt ut.

Samla oversyn: Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Oppland og Hordaland

Eg har visualisert fordelinga i Google kart. Grøn syner dei som får mest (regionsentra), medan raud får minst. Kartet syner at kommunane som ligg eit stykkje frå regionsentra ikkje får så veldig mykje midlar å rutte med.

Nokre av tiltaka kan likevel vere gode. Og det ser ikkje ut til at regionsentra som får mest pengar, skapar mest arbeidsplassar. Skjåk i Oppland er eit døme på det. Krimserien «Odins Gull» omsette for om lag 100 mill kr og skapte rundt 50-60 arbeidsplassar i regionen.


Sjå stort kart her. Du kan klikke på kartet for meir informasjon.

Samla oversyn: dei fem sterkaste kommunane

I kartet nedanfor er dei fem sterkaste kommunane i kvart fylke skilt ut. I Sogn og Fjordane fekk dei to sterkaste kommunane, Flora og Sogndal, like mykje midlar som dei 22 siste på lista. For Møre og Romsdal fekk Molde og Ålesund like mykje midlar som dei 20 siste på lista. I Oppland og Hordaland er trenden den same.


Sjå stort kart her. Du kan klikke på kartet for meir informasjon.

Samarbeidsprosjekt gjev best effekt?

Det er vanskeleg å måle effekt av regionale utviklingsmidlar. I Møre og Romsdal hadde Møreforsking Marin eit samarbeidsprosjekt med 15 utsalsstadar. Prosjektet «Sjømat til turister i Møre og Romsdal» gjekk ut på å auke omsetnaden av sjømat på ulike utsalsstadar, fordi turistar spør etter lokal sjømat, men finn det ikkje på menyen. Slike samarbeidsprosjekt mellom forskning og næringsliv ser ut til å gje god effekt. Det same for krimserien «Odins Gull» som vart vist på Nrk Super.

Kjeldefiler

Nedanfor er grunnlagsmaterialet saman med KML-fil brukt i Google Fusion Tables.

Grunnlagsmateriale:
kap. 551, post 60 – Sogn og Fjordane
kap. 551, post 61 – Sogn og Fjordane
kap. 551, post 60 og 61 – Møre og Romsdal
kap. 551, post 60 og 61 – Oppland
kap. 551, post 60 og 61 – Hordaland

Samla oversyn:
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Oppland
Hordaland

KML-filer til Google kart:
KML-fil, fem sterke