Nyhende

Ved midnatt ville 80 % ha folkerøysting om Sogndalspakken

Formannskapet skal ta stilling til folkerøysting om Sogndalspakken 28. januar. I spørjeundersøkinga til Sogn Avis var det 80 % som ville ha folkerøysting om Sogndalspakken ved midnatt.

80pstSogndal-rådmann Jostein Aanestad har til formannskapet skreve i tilrådinga at «det ikkje vert gjennomførd folkerøysting slik det er bedt om i innbyggjarinitiativet dagsett 27. nov 2015».

Skulle dette bli vedtak får ikkje innbyggjarane rådgjevande folkerøysting om kva alternativ som skal nyttast i Sogndalspakken. Vi får no håpe at politikarane i Sogndal har trua på innbyggjarane i kommunen, og stør framlegget om folkerøysting om alternativa i Sogndalspakken.

Ut frå erfaring er det lite som tydar på at dette vil skje. Politikarane i «posisjonen» leser stort sett berre saksframstillinga og vedtek innstillinga utan merknad.

Hvis nokon er redde for resultatet av ei folkerøysting, ja då har dei ikkje trua på sine saker eller folket.
— Senterpartiet i høve kommunereforma

Truleg står det på Senterpartiet. Dei har ofte teke til ordet for folkerøystingar. Både om kommunereforma, EØS-avtalen og EU. Akkurat i denne saka har det vore musestille.