Nyhende

Spørsmål til ordføraren i Sogndal

Sogndal-rådmann Jostein Aanestad har trenert innsynskrav sidan 22. september 2015. Han vil heller ikkje svare Fylkesmannen tross gjentekne skriftlege oppmodingar.

Eg har tidlegare skreve om kritikkverdige tilsetjingar han gjer. Han tilset òg personar med eit karaktersnitt på D/E, sjølv om det er betre kvalifiserte søkjarar. Aanestad ser vekk frå kvalifikasjonar og erfaring når han tilset folk i kommuneadministrasjonen. Slike handlingar er ulovleg disponering av fellesskapens ressursar og nettverkskorrupsjon.

Aanestad prøver òg nekte innsyn i tilsetjingssaker, noko Fylkesmannen gjorde om vedtak på. Det stoppar ikkje der. Han prøvde seg i tillegg på å vedta «intern instruks», i strid med forvaltningslova, for å unndra informasjon.

Eitt av dei siste opplevingane var unnadraging av underskriftslister. Eg har fått vite at lister med over 1000 signaturar har forsvunne frå Aanestads skrivebord. Vi har ein rådmann som definitivt ikkje ønskjer demokratiske prosessar.

Ordføraren i Sogndal, Jarle Aarvoll (A), er heller ikkje den som engasjerer seg mest for demokrati. Kor langt han går i og beskytte Aanestad vert spennande å sjå.

Spørsmål til ordføraren i Sogndal

Nedanfor er spørsmål sendt til ordføraren i Sogndal, med kopi til lokale- og regionale medier.

I samband med at rådmann Jostein Aanestad ikkje svarer Fylkesmannen tross fleire skriftlege oppmodingar, har eg følgjande spørsmål til ordførar Jarle Aarvoll:
[list type=bullet]

  • Korleis vurderer ordføraren Fylkesmannen sin juridiske kompetanse på offentleglova?
  • Meiner ordføraren at over 110 dagar utan svar er «utan ugrunna opphald»?
  • Er ordføraren likegyldig til om rådmann Jostein Aanestad følgjer offentleglova eller ikkje?
  • Kva tiltak vil ordføraren gjere for å sikre at Sogndal kommune følgjer offentleglova?

[/list]

 

Utklipp frå Fylkesmannen sin e-post

Aanestad vil ikkje svare Fylkesmannen, som er kommunen sin juridiske rettleiar på offentleglova.

fm15012016
Sogndal-rådmann Jostein Aanestad svarer ikkje Fylkesmannen (15.01.2016)

Ein anonym i kommunestyret fleipa med at eg truleg ville fått innsyn på dagen, om eg var i Sosialistisk Venstreparti. Eg tek ikkje oppmodinga til følgje :)

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt har etterlyst bøter som eit verkemiddel. Eg håpar ei slik ordning kjem på plass tidleg i år. Slik situasjonen er i dag, ville bøter vorte eiga linje i budsjettet til Sogndal kommune.

Fun fact

Med forslaget til Fridthjof Bernt om 10 000 kr i dagbot, ville Aanestad måtte punge ut 1,160 mill. kr i dagbøter hittil. Og det gjeld berre denne saka her..