Nyhende

Sogndalsrådmann har trenert innsynskrav i snart 100 dagar

Den 22. september 2015 sendte eg innsynskrav til Sogndal kommune. Kravet gjeld m.a. innsyn i bruk av budsjettmidlar, nærare bestemt reiserekningar, mobiltelefonbruk og kurs i førre kommunestyreperiode.

Ved årsskiftet har eg venta 100 dagar på svar.

Innsynskrav skal handsamast «utan ugrunna opphald» som normalt er 1-3 verkedagar. Det står i fleire uttalar frå Sivilombodsmannen. Innsynskrav som ikkje vert besvart innan 5 verkedagar reknast som avslag. Då skal kommunen oversende klage til Fylkesmannen «utan ugrunna opphald».

Det har ikkje Sogndal kommune gjort.

Fylkesmannen måtte difor ta kontakt med Sogndal kommune grunna manglande oversending. Fylkesmannen har juridisk kompetanse på offentleglova, og etter drøyt 70 dagar utan oversending fekk Jostein Aanestad juridisk rettleiing av Fylkesmannen i kva pliktar han som rådmann har.

Sjølv etter denne rettleiinga har ikkje Aanestad greidd å sakshandsame innsynskravet.

Kva skal vi med lovverk utan sanksjonsmoglegheiter?

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt etterlyser bøter som verkemiddel. Det er eg heilt samd i. Når innsynskrav vert trenert, må det faktisk vere dagbøter utrekninga i %-sats av organet sitt årsbudsjett.

Trenering av innsynskrav er eit stort demokratisk problem. For det første får ikkje journalistar ut informasjon som kan avsløre kritikkverdige forhold. Når ein journalist må vente eitt år på innsyn er mykje av piffen i saka vekke. Like viktig at borgarane kan skaffe seg kjennskap til forvaltningspraksis og grunnlaget for dette, noko som motverkar usakleg forskjellshandsaming.

Politikarane på Stortinget gjer ingenting. Eg meiner EFTAs overvakingsorgan burde opprette sak og sjå om Noreg bryt sine forpliktingar. Offentleglova gjennomfører eit EU-direktiv. Kan ikkje EFTAs overvakingsorgan gjere noko, så kan ein trekke heile offentleglova ned i do.

Oversendingsbrev frå Fylkesmannen