Nyhende

LUK-satsinga i Sogn og Fjordane

I 2010 vart satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) sett i gang. Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk i tida 2010 til 2014 statstilskot på 8,4 mill. kr til arbeidet.

Svært lite av tilskotet er nytta i samsvar med føresetnadane i tildelinga. Mesteparten gjekk til finansiering av interne stillingar i administrasjonen.

Av tilskotet på 3 mill. kr i 2013 vart det betalt ut berre 142 000 kr til eksterne utanfor fylkeskommunen. Om lag 549 000 kr vart brukt til interne overføringar. Heile 1,8 mill. kr gjekk til finansiering av interne stillingar som arbeidde med andre ting, som til dømes folkehelseplanen.

Sminka sluttrapport

Departementet har fått utarbeidd sluttrapport med bidrag frå alle fylkeskommunane. Sogn og Fjordane fylkeskommune skriv m.a.:

Vi har etablert ein ny kompetanse og kapasitet på statistikk/analyse for å stø kommunane.

FAKTA: Det er ikkje nytta LUK-midlar til statistikk og analyse. Hovudutval for plan og næring sette i 2013 av 800 000 kr til ei prosjektstilling innan statistikk og analysearbeid. Denne vart finansiert med frie fylkeskommunale midlar. Det er politisk vedtak på.

Det har også blitt etablert samarbeidsavtalar med regionråd.

FAKTA: Desse avtalene var etablert uavhengig LUK. I budsjett- og økonomiplanen var det sett av 2,200 mill. kr til dei fire regionråda finansiert med frie fylkeskommunale midlar. Ei løyving på 550 000 kr til kvart regionråd. Det er også politisk vedtak på.

Eg trur ikkje dei 26 kommunane vi har i fylket har høyrt så mykje om LUK-satsinga.

Skjulte lønskostnader i søknad

PDF-dokumentet nedanfor syner stadfestinga på aksept av tilsegn for 2013. Her er det lagt til ei overføring på 545 000 kr med unytta midlar frå føregåande år. På side 2 i stadfestinga er det lagt ved eit budsjett som syner ein tabell som skal syne kostnadsbilete.


Last ned svarbrevet (479 kB)

Skjermbiletet nedanfor syner ei anna side av kostnadsbiletet.

I stadfestinga til departementet står det f.eks. i E:42 at 750 000 kr skal nyttast til "Administrative ressursar, løn, reise, mm til støttefunksjonar og bruk/frigjering av intern kompetanse". I kolonne F er det lagt inn lønskostnader på nesten alt.

Langt meir enn 750 000 kr vart nytta til løn, og det er lønsutbetalingar som ikkje har med LUK å gjere.

luk-juks

Skjulte lønskostnader i innrapportering

Det var eg som føretok årsavslutninga på LUK-satsinga.

Under avslutninga påpeikte eg ovanfor LUK-koordinatoren at fylkeskommunen hadde søkt om 750 000 kr til løn og administrasjon. Spørsmålet mitt var om vi har lov til å disponere meir enn dette, for å ikkje risikere tilbakebetaling.

Svaret frå LUK-koordinatoren var lite overraskande:

Det kan verke som at vi ikkje har så mykje å bekymre oss for når det gjeld rapportering
— Hanne Brekken Oppedal

Lønskostnader skulle òg innrapporterast i rapporteringssystem som departementet nyttar. Her vart lønskostnader underrapportert med drøyt 1,8 mill. kr.

e-post-hanne-oppedal

Revisjonsbyrå med dobbeltrolle

Fylkeskommunen skulle seinare levere ekstern forvaltningsrevisjon av LUK-midlane til departementet. Fylkeskommunen gav oppdraget til SF-revisjon. Fylkeskommunen eig 42,5 % av revisjonsbyrået, som også har kontorfellesskap med fylkeskommunen.

Byrået konkluderte med:

I SF Revisjon IKS sin revisjon av forvaltninga av LUK midlar vert det konkludert med at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har oppfylt kravet i tildelingsbreva om å føre spesifisert rekneskap for arbeidet

Eg er samd i konklusjonen, for det er ikkje mogleg å finne eitt einaste bilag knytt til utbetalingar frå 2010-2012.

Byrået meinte likevel at midlane var nytta i samsvar med føresetnadane for tildelinga, basert på eit internt notat som vart oversendt. 

Det er gummistempelrevisjon.

Påstod departement-jobb i sluttrapport

I sluttrapporten påstår LUK-koordinatoren å ha arbeidd i departementet. Det er sjølvsagt tøys: men for å få skjermbilete med dokumentasjon sendte eg førespurnad til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Departementet heitte Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) tidlegare.

luk-dep
LUK-koordinator påstår departement-jobb i sluttrapporten.

Departementet svarte raskt på innsynskravet, og stadfesta:

krd-epost

Oppedal arbeidar no hjå Sogndal kommune. Heller ikkje der gjekk alt etter boka.