Nyhende

Fylkesrådmann: I reiserekningssystemet får ein ikkje summen for reiseutlegg

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane meiner reiserekningssystemet berre viser reisenummer, dato, føremålet med reisa, status og reisetype. I dette innlegget skal vi sjå om det stemmer.

Den 22. september 2015 bad eg om innsyn i bruk av budsjettmidlar hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Innsynskravet gjeld reiserekningar, mobiltelefonbruk og kurs i førre kommunestyreperiode.

Desse opplysningane vil fylkesrådmannen halde hemmeleg. Først gav han avslag på innsynskravet ved å seie det er «tidkrevjande». Avslaget måtte han sende Fylkesmannen.

Eg meiner det ikkje er tidkrevjande.

Etter at saka hadde vore hjå Fylkesmannen i drøyt to månader kom det eit avslag igjen. Avslaget er tufta på oversending frå ass. fylkesrådmann Paal Fosdal, som meiner opplysningane om leiinga i fylkeskommunen ikkje kan hentast fram med «enkle framgangsmåtar».

budsj-fm-1

Vi skal sjå om det stemmer, Men først:

Gullkorn

Assisterande fylkesrådmann skriv til Fylkesmannen:

I reiserekningssystemet får ein berre opp reisenummer, dato, føremålet med reisa, status og reisetype, men ikkje summen for reiseutlegg.
– Paal Fosdal

Unnskyld uttrykket: Det er reinspikka vås.

Kva syner rapportane eigentleg?

Lat oss studere det. Eg sendte ikkje desse opplysningane til Fylkesmannen, fordi eg ville vente å sjå kva fylkesrådmannen sendte. Eit spørsmål om tillit til den offentlege sektoren vi har.

Skjermbiletet nedanfor syner ein rapport teken ut frå Visma Travel, same system som Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar. Rapportuttak er identisk. Merk at fylkesrådmannen påstod det ikkje er mogleg å vise summen for reiseutlegg.

Reiseregning rapport

Rapporten er godt detaljert. Dette er ein standardrapport som følgjer ein rapportmal. Ein kan ta ut slike rapportar for kvar einaste tilsett i fylkeskommunen, og uttak av rapporten tek berre få sekund. Det er mange måtar å hente ut rapport på, og minst ein rapporttype viser totalsum for all reise gjennom heile året. Likevel freistar fylkesrådmannen føre Fylkesmannen bak lyset.

I skjermbiletet nedanfor kjem og totalsum og konteringsliste. Det er så praktisk, då slepp ein sitje og summere sjølv. Er det nokon som verkeleg trur at reiserekningssystemet ikkje viser summen for reiseutlegg?

reiseregning totalsum

Sjå sjølv: Visma sin eigen instruksjonsvideo!

Frå 17 minutt og 27 sekund vert det generert rapport.

Rapporten kunne takast ut på mindre enn 1 sekund. Er ikkje det «enkle framgangsmåtar» så veit ikkje eg. Det ville teke berre eit par minutt å handsame innsynskravet mitt og køyre ut rapportar for leiinga i fylkeskommunen. I staden har fylkesrådmannen trenert innsynskravet og kverna på det i mange månader. Den slasken.

…ventar på vekkforklaringar

Eg har bede Fylkesmannen handsame saka på nytt.

Kva vekkforklaringar fylkesrådmannen kjem med er ikkje godt å seie. Eg har nokre forslag her:

  • trykt på feil knapp
  • gløymt konteringsdimensjon
  • det har skjedd ein glipp
  • skrivefeil
  • tabbekvota

.. eller den klassiske varianten: at rapport vart teken ut av urøynd fordi den som eigentleg skulle gjere det var sjuk.