Nyhende

Underskriftsaksjonen tunnel frå Kvåle til Kløvhola

Eg har starta ein underskriftsaksjon for å få rådgjevande folkerøysting over kva alternativ som skal nyttast i høve den såkalla Sogndalspakken.

IMG_0163Innbyggjarane i Sogndal må kunne røyste over alternativet «miljølok», og tunnel Kvåle – Kløvhola.

Eit «miljølok» der Gravensteinsgata vert senka ned vil koste over 350 mill. kr. I tillegg må innbyggjarane i Sogndal betale bompengar for å komme inn i sentrum. Bompengar vil verte svært dyrt for folk som arbeider i sentrum, og for alle andre som skal på handel, eller har andre ærend. Det vil vere snakk om rundt 50 kr kvar dag.

Med tunnel frå Kvåle til Kløvhola vert trafikken lagt utanfor sentrum. Tunnelen vil byrje rett ovanfor fotballbana på Kvåle og komme ut ved Kløvhola, ikkje langt frå Loftesnesbrui.

Skriv under på kommunehuset

Med >300 underskrifter må kommunestyret ta stilling til det. Denne lista må vere klar i løpet av november månad. Underskriftslista er lagt ut på kommunehuset i Sogndal. Du kan møte opp der og skrive under. Lista ligg til 30. november.

[highlight]Underskriftsaksjonen er flytta til Internett.[/highlight]

 

Folkerøysting på Internett

Kommunar kan organisere folkerøystingar som dei vil. Det er difor mulig å halde folkerøystinga på Internett med elektronisk skjema som Sogndal kommune nyttar i dag (noko eg skal presse på for), i tillegg til oppmøte på kommunehuset. Det står i kommunelova § 39 b, sjå Ot.prp. nr. 32 (2008-2009) s. 45 – pkt. 4.6.4.

Bindande folkerøysting er i dag ikkje lov, då kommunestyret ikkje kan fråskrive seg sitt rettslege og politiske ansvar for beslutningane som vert teke. Difor må den vere rådgjevande. Ei rådgjevande folkerøysting er likevel eit viktig signal til kommunestyret når dei skal handsame saka vidare.

(Oppdatert 19. november 2015)