Nyhende

Underskriftsaksjonen tunnel frå Kvåle til Kløvhola flytta til Internett

Igjen får vi eksempel på kva eit fritt og opent Internett betyr for det moderne demokratiet.

IMG_0163
Biletet var teke på kommunehuset fredag 13. november, ved levering av underskriftslistene.

I førre veke vart det starta ein underskriftsaksjon for å få rådgjevande folkerøysting over kva alternativ som skal nyttast i høve den såkalla Sogndalspakken.

Underskriftslista vart opphavleg lagt ut på kommunehuset i Sogndal, og det vart avtala at denne skulle ligge til 30. november.

Seinare har eg fått ei rekkje meldingar på Facebook frå innbyggjarar som ynskjer skrive under. Dei opplyser at dei i «skranken» på kommunehuset enten 1) ikkje kjenner til noko liste eller 2) ikkje veit kvar den er på huset.

I dag 19. november køyrde eg inn på kommunehuset for å høyre om det stemmer. Eg konfronterte dei i skranken, som då sa at rådmannen, Jostein Aanestad hadde reist med heile lista.

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune har då unnadrege underskriftslistene, med det føremål at innbyggjarane ikkje får skrive under.

Smak på den.

Skriv under på Internett

Underskriftsaksjonen er no flytta frå kommunehuset til Internett.
Klikk her for å skrive under!