Nyhende

Så mykje brukar fylkeskommunen på rekrutteringskonsulentar

Mercuri Urval er eit rekrutteringsfirma med konsulentar som freistar velje ut kandidatar og gjennomføre personlegdomstestar.

Dei siste fire åra har fylkeskommunen brukt 1,24 mill. kr på slike konsulenttenester.

Minst på samferdsleavdelinga

Opplæringsavdelinga og samferdsleavdelinga har kvar eit budsjett på om lag ein milliard kroner. Plan- og samfunnsavdelinga har budsjett på 35 mill. kr inkludert statlege midlar, og fylkesrådmannstaben har budsjett på 20 mill. kr.

Dei siste fire åra fram til og med november 2015, fordelar utgiftene seg slik eksklusiv mva.

total-mercuri-urval

Opplæringsavdelinga kjem høgt ut, men har eit budsjett på om lag ein milliard kroner. Midlane vert i hovudsak nytta til rekruttering av nye rektorar ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Plan- og samfunnsavdelinga nytta 66 000 kr i høve tilsetjinga av Anne-Kjersti Stavø Stenehjem som nestleiar i avdelinga frå hausten 2013. Ho slutta i avdelinga sumaren 2014.

I prosent er det fylkesrådmannstaben som brukar mest på rekrutteringskonsulentar. Summen på 190 000 kr er nytta til rekrutteringa av fylkesrådmann Tore Eriksen, som tok over i april 2012.

diagram-mercuri-urval

Personlegdomstestar gjev ikkje alltid beste kandidaten

Dei fleste vil kunne svare strategisk på personlegdomstestar, og på den måten vil rekrutteringsbyrå som Mercuri Urval kunne plukke ut usunne leiarkandidatar.

Ved rekruttering av leiarar i offentleg sektor må det vere obligatorisk å gjennomføre referanseintervju med tidlegare ansatte, slik at ein får eit betre bilete av korleis personen fungerer som leiar. Det er tidlegare ansatte som svarer best på spørsmåla.

https://twitter.com/LindaLaiProf/status/662623192876490753

Bilag

Last ned bilaga her (10,7 MB).