Nyhende

PST vil ikkje svare på innsynskrav

Den 9. november 2015 var Politiets sikkerhetstjeneste (PST) ute med ny runde antirussisk propaganda i det statlege nyhendebyrået. Denne gangen ein spinnvill historie om «russiske spionar» som lurer nordmenn med sex og vodka.

PSTs verkelegheitsoppfatning er som manuskriptet i gamle spelefilmar på 1980-talet. Ein av desse er Spioner som oss filma av Warner Bros på flyplassen i Sogndal. I manuset var der russiske «honningfeller» som stillbileta nedanfor:

sps01

sps02

Det er slik PST likar presentere Russland i norsk gammalmedia.

PST påstår også at norsk næringsliv og politikarar har vorte meir skeptiske til møter med russarar etter annekteringa av Krim. Det stemmer heller ikkje.

Eg vil vite kva PST byggjer historiane sine på, og vil ha innsyn i dette grunnlagsmaterialet. I staden misbrukar regjeringsorganisasjonen heimlar for unntak og strittar mot openheit.