Nyhende

Så vanskeleg er det å få ut informasjon frå kommunane

Den 22. september 2015 bad eg om innsyn hjå nokre kommunar. Innsynskravet gjeld bruk av budsjettmidlar i kommunestyreperioden 2011-2015. Eg har interesse av å vite kor mykje pengar som har gått med til reiser, kurs og mobiltelefon hjå leiing og politikarar.

Då eg sjølv har arbeidd med økonomi og har kjennskap til økonomisystema som kommunane brukar, så veit eg at dette er informasjon som er svært enkelt å hente fram. Resultatet er imidlertid nedslåande.

Med unntak frå Luster og Leikanger kommune – som har gjort ein framifrå jobb, er det minuspoeng til dei andre; Sogndal og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sogndal kommune

Eg har sjølv utdanning innan rekneskap, og må løfte eit augebryn når kommunen ikkje veit kor mykje pengar kvar enkelt brukar på reise gjennom året.

Den nye kommunalsjefen, Marit Hagevik, ber også om forståing for at kommunen ikkje kan prioritere at du får kjennskap til kor mykje pengar dei brukar på leiinga og politikarar.
 
sogn
 

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen brukar Visma Enterprise som økonomisystem, og Visma HR & Travel for løn og reiser. I staden for å sende informasjonen som var etterspurd; reiserekningar – så sender dei ein dump «tøysedata» som ikkje kan brukast til noko som helst. Det er rett og slett eit demokratisk problem når fylkesrådmannen bevisst unndreg opplysningar frå offentlegheit.

Fylkeskommunen kan køyre ut same rapportar som Leikanger kommune, då dei nyttar same økonomisystem. Dette er ein operasjon som tek 30 sekund. I staden for å levere ein rapport slik Leikanger kommune gjorde, leverte rådmannen tøysedata.
 
sfj
 

Luster kommune

Mest eksemplarisk er Luster kommune. Dei svarte raskt på førespurnaden om innsyn, dei arbeider strukturert, og har god organisering internt. Der kom eit Excel-ark som er langt meir detaljert enn det eg etterspurde.
 
lust
 

Leikanger kommune

Frå grannekommunen Leikanger leverte dei Visma-rapportar, noko som er heilt greitt då dei inneheld alle naudsynte opplysningar.
 
leik
 

Vegen vidare

Målet med informasjonen som vert samla inn er å publisere ein artikkel som syner pengebruken for leiinga i kommunen og politikarar i førre kommunestyreperiode. Informasjonen er avgrensa til reiserekningar, mobiltelefonbruk (helst med datatrafikk) og kurs. Med kurs meiner eg dei som gjev fordel i form av eksamen – høgskulerelaterte kurs kommunen betalar for leiinga.

Men først må eg ta handbak med fylkesrådmannen og rådmannen i Sogndal.