Nyhende

NAVs økonomikurs

Den 20. september hadde Nrk sak om NAVs økonomikurs. Av råda var mellom anna å ete middag hjå vener og familie, surfe på Internett på jobb i staden for heime, kjøpe margarin i papir i staden for bordpakning, plombere TV-en, og dusje på treningsstudio i staden for heime.

I medhald av offentleglova bad eg om innsyn i presentasjonen til NAV Ålesund, for å sjå om dei radikale råda stemmer. Ein god del gjer det, nokre står direkte i plansjane medan andre som notatar under plansjane.

Både fagleg og pedagogisk sett held NAV eit dårleg økonomikurs.

PowerPoint-presentasjonen

Last ned heile PowerPoint-presentasjonen her. Den inneheld notatar under plansjane.