Leiar Nyhende

Øydelegg mat medan 600 000 nordmenn er fattige

I august skreiv Dagbladet antirussisk propaganda med påstand om at Russland «øydelegg mat» medan 23 millionar russarar er fattige. Målt i prosent utgjer talet 16,5 % av befolkninga. For same tal i Noreg har vi 600 000 fattige eller om lag 11,7 %. Differansen er ikkje stor, den er berre 4,8 % (Foto: (rinse)/Fickr).

«Kvifor kastar Noreg mat når over ein halv million nordmenn er fattige?»

Eg vil prøve denne argumentasjonen ved å undersøkje med Toll- og avgiftsdirektoratet. Direktoratet svara ikkje før etter to skriftlege purringar, nesten ein månad seinare. Då svar endeleg kom, skriv direktoratet at det vert beslaglagt 22 tonn «kjøttvarer».

Dette er ulovleg innførde varer som ikkje kan sporast attende til produksjonsverksemda. Tollvesenet har ikkje lov å selje eller omsetje varer og mat som kan utgjere fare for liv og helse.

Vladimir Putins pressetalsmann, Dmitrij Peskov sa det same; dei kjenner ikkje matens opprinnelse. Matvarene har annan identitet, fordi matvarene går via Kviterussland og Brasil, og vert stempla som om dei vart produserte der.

Russland gjer akkurat det same som Noreg og andre europeiske land. Forskjellen er at medier som Dagbladet har ein klar antirussisk agenda og heile tida vinklar alt som vedgår Russland negativt.


Last ned dokument