Nyhende

Drevland-saka er berre toppen av isfjellet

Korrupsjon tek mange former. I Noreg er nettverkskorrupsjon den vanlegaste forma, og den inneberer at det vert gjeve fordelar til kjennskap og venskap. Nettverkskorrupsjon er mykje meir vanleg enn bestikkingar, som sjeldnare skjer.

Fredag 18. september vart Bergensordføraren Trude Drevland sikta for grov korrupsjon, og risikerer ti år i fengsel. Drevland var gudmor då cruiseskipet «Viking Star» med pomp og prakt vart døypt på Bryggen i Bergen på sjølvaste nasjonaldagen. Dåpen vart avslutta med musikkfyrkverkeri synkronisert med musikken på den storslagne scena. Største kaliber luftbomber var 250 mm.

I ettertid når røyken hadde lagt seg, kom det fram at Drevland hadde motteke rikeleg med smørjing. Ho hadde og bede partikollega og næringsminister Monica Mæland om å endre regelverket for skipsregisteret. Bergenspolitiet forsøkte skuffe vekk saka, men tok den opp att etter hardt press frå media. Drevland fekk av advokat Bengt Erik Waldow, som leverte politimeldinga, sjansen til å leggje korta på bordet allereie seks dagar seinare, den 23. mai, men ho svarde i staden med at Waldow burde «finne seg ein hobby». Samtalen mellom Drevland og Waldow er å finne på Twitter.

Politisk og byråkratisk korrupsjon

Det er to nivå for korrupsjon i det offentlege. Den eine er politisk som går ut på å lage eller endre regelverk. Den andre forma er byråkratisk korrupsjon. Det kan vere offentleg tilsette som tek i mot smørjing for løyver og godkjenningar. Men òg smørjing for å skape forseinkingar, vanskelegheiter eller mykje unødig byråkrati for ein annan part.

I dei mange kommunane våre er nepotisme og favoritisme vanleg. Det klassiske eksempelet er ein offentleg tenestemann som gjev kjennskap og venskap fordelar ved tilsetjingar eller kontrahering. Denne problematikken har anti-korrupsjonsorganisasjonar som Transparency International påpeika fleire gangar, og det vert støtta av fleire rekrutteringsekspertar, m.a. NAV som reknar med at nærare 80 % av alle tilsetjingar skjer på bakgrunn av kjennskap. Tilsetjing i offentleg sektor er derimot disponering av fellesskapens ressursar. Det er dine skattepengar som er løna – og når ein rådmann eller kommunalsjef gjev 450 000 kr i årsløn til ein person basert på nepotisme eller favoritisme er det grov korrupsjon.

Øydelagt bevismateriale

Politiets kartlegging av Drevlands e-post vert krevjande då ho sletta mykje av korrespondansen med cruiseselskapet. Vi har andre eksempel som sjukehusstriden i Møre og Romsdal og vår eigen fylkeskommune der e-post i høve Fjord1-saka ikkje vart journalført – noko fylkesrådmannen meinte var ein «glipp». Men det er for enkelt å skulde på glippar. Arkivlova seier tydeleg at dokument som vert sendt eller motteke på e-post, og som etter form og innhald må reknast som saksdokument for organet, skal arkiverast.

Tiltak mot korrupsjon

FN-konvensjonen mot korrupsjon er det første globale instrumentet og skal dekkje eit breitt spektrum av tiltak. Konvensjonen vart ratifisert då Knut Storberget var justisminister. Det er likevel ikkje Noreg som leiar an i anti-korrupsjonsarbeidet, for Noreg har ingen tiltak mot korrupsjon utanom ein paragraf, § 276 i strl. Då Russland ratifiserte FN-konvensjonen skipa dei Sledcom – ein sentralisert kommisjon som har arrestert tusenvis av korrupte tenestemenn i Russlands fylker. Skal vi få gjort noko med korrupsjon i offentleg sektor må vi følgje Russlands gode eksempel, og skipe ein organisasjon som tek tak i den.