Nyhende

Borgen: Offentleg korrupsjon eit problem

Jan Borgen, tidlegare generalsekretær i Transparancy International Norge, skreiv i ein gjestekommentar til Dagens Perspektiv at korrupsjon er meir utbreidd i norsk offentleg sektor enn det mange trur.

Korrupsjon er misbruk av makt i fortrulege stillingar for personleg gevinst. Korrupsjon tek mange former, og i Noreg er venskapskorrupsjon den vanlegaste forma, og mykje meir vanleg enn bestikkingar som sjeldan skjer.

Venskapskorrupsjon ved tilsetjingar i offentleg sektor

I gjestekommentaren skriv Borgen dømer på den klassiske forma for korrupsjon i Noreg:
[pullquote align=center]
Ein tenestemann i offentleg sektor skal tilsetje ein ny medarbeidar på kontoret. Tenestemannen gir stillinga til ein slektning (eller anna kjennskap) og ikkje til ein annan, betre kvalifisert person.
[/pullquote]
og konsulentkorrupsjon:
[pullquote align=center]
Ei gruppe tenestemenn i kommunal forvaltning vil bruke sine spesialkunnskapar og kontaktar til å etablere eit konsulentfirma på deltid som gjev råd til private klientar. Tenestemennene fortset som offentleg tilsette.
[/pullquote]
Dette er sjølvsagt ikkje greitt å gjere.

Transparency Internationals spørjeundersøking syner at heile 8 av 10 spurte svarar at korrupsjon påverkar offentleg sektor «noko» eller er «veldig merkbart».

Kameraderi og vennetenester

Korrupsjonsjegeren Eva Joly, har i fleire artiklar skreve om omfattande korrupsjon i norsk offentleg sektor. Joly meiner det er mistenksamt at det er nesten ingen korrupsjonssaker i Noreg. Betyr det er Noreg er annleis enn andre land? Nei. Noreg er ikkje korrupsjonsfritt.

Joly meiner at årsaka er at vi ikkje har instrument til å avdekkje korrupsjon. Eg meiner det ikkje er politisk vilje til å stoppe korrupsjon. I alle fall ikkje hjå sosialistpartia, som Arbeidarpartiet.

Joly skriv òg som Borgen om kameraderi og vennetenester, særleg på små stadar.

Andre som viser til same problem er professor i samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø, Nils Aarsæther. I eit føredrag om «ny kommunestatus» meiner han at kommunereforma med kommunesamanslåingar «vil fjerne eit politisk system dominert av slekt og kjennskap».

Aarsæther er varsam i uttalen, for det er ikkje berre det politiske systemet som er dominert av slekt og kjennskap. Eg vurderer ikkje det politiske systemet som det mest korrupte, men administrasjonen i kommunane og andre offentlege føretak på små stadar. Det er eit gjennomkorrupt system der personar i leiarstilling, som rådmenn, kommunal- og administrasjonssjefar ikkje berre gjer tilsetjingar basert på venskap, men også andre vedtak til fordel for kjennskap.

Korleis handtere korrupsjon i offentleg sektor?

Det å stoppe korrupsjon står høgt på agenden til Piratpartiet. Det må opprettast ein eigen organisasjon som har som føremål å knuse korrupsjon i offentleg sektor.

Eksempelet eg likar godt er frå Russland, der Dmitry Medvedev oppretta ein organisasjon som har til føremål å slå ned på korrupsjon i politiet og andre statlege og kommunale føretak. Organisasjonen gjer arrestasjonar dagleg. Det er ikkje slik som i Noreg der du leverer ei politimelding som vert liggjande i eitt år; før den vert henlagt. I dagens Russland vert korrupte tenestemenn sett i fengsel.

Dette er gode modellar vi må få på plass i Noreg. Eg meiner at tilsetjingar basert på venskapskorrupsjon skal medføre fengselsstraff med førehandsbestemt minstetid for både den som tilbyr stillinga, og den som tek i mot stillinga. Grunnen er at tilsetjingar i offentleg sektor er bruk av fellesskapens ressursar; det er dine pengar som er løna. Desse midlane skal og betalast attende til det offentlege. Det same må gjelde for barnevernssaker, offentlege tilskot og andre vedtak basert på venskapskorrupsjon.

Sosialistpartia kjem ikkje til å gjere noko med korrupsjon i Noreg. Arbeidarpartiet har vore 8 år i regjering, og til tross åtvaringar frå korrupsjonsjegerar og organisasjonar som Transparancy International, har dei ikkje gjort noko for å stoppe korrupsjon i offentleg sektor.

Piratpartiet vil ha eit distribuert, påliteleg, ope og inkluderande politisk system. Piratpartiet vil ha ein open offentleg sektor der du får innsyn i saker, og samtidig får ta del i politikken ved å stemme over saker av allmenn interesse via Internett. Ingen andre parti vil det.