Nyhende

Ulovleg innsynsnekt i Sogndal kommune

Det er rådmannen i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, som nektar innsyn i dokument jobbsøkjarar har rettskrav på å få. Aanestad har til og med vedteke «intern instruks».

[pullquote align=center]
Søkjarar på stillingar i offentleg forvaltning har etter forvaltningslovforskrifta § 17 rett til å gjere seg kjent med fullstendig jobbsøknad og alle vedlegg til den som er tilsett i stillinga. Etter § 19 har søkjarar òg rett til å sjå kven som er innstilt til stillinga, og rekkjefølgja desse vart innstilt.
[/pullquote]

Det er dette Aanestad ikkje vil. Han vil halde dokumenta hemmeleg på kommunehuset i Sogndal.

Skal styrkje tilliten til det offentlege

Noko av føremålet med slik lovgjeving er å styrkje tilliten til det offentlege, og kontrollen frå ålmenta og søkjarane.

Alle søkjarar har rettskrav på å få kopi av alle dokument, og alle delar av dokument dei har krav på innsyn i. Det følgjer av forvaltningslova med føresegner. Det er ikkje krav til personleg oppmøte for å krevje kopiar. Det følgjer av allmenne krav om god forvaltningsskikk og rimeleg service at søkjarar som part har krav på å få kopiar tilsendt, gjerne elektronisk.


 
Fylkesmannen skriv 2. juni 2015, at kommunen må sende søkjarane kopi av dokumenta.