Nyhende

Tilsetjingssak i Sogndal kommune med 1 søkjar

Sogndal kommune ved rådmann Jostein Aanestad lyste ut stillinga «Programleiar bustadsosialt handlingsprogram» den 21. mars 2014.

Eg bad om innsyn i saka etter offentleglova § 25. Opplysningane i saksdokumenta er ikkje underlagt teieplikt etter offentleglova § 13 og forvaltningslova § 13. Av arbeidsoppgåvene i stillingsutlysinga går det fram at programleiaren skal bistå i m.a. planlegging og koordinering, eigedoms- og tomteutvikling, finansiering og økonomi.

I brev frå kommunen datert 7. januar 2015 går det fram at det var berre 1 søkjar til stillinga.
Denne søkjaren var Hanne Brekken Oppedal.

Rådmann Jostein Aanestad har på førespurnad sagt at det var han som stod for intervju og tilsetjing eine og aleine, men ville ikkje svare på kvifor stillinga ikkje vart lyst ut på nytt, eller søknadsfristen vart utvida for å få betre søkjargrunnlag.

Det er ein gang slik at all tilsetjing i offentleg forvaltning er disponering av fellesskapens ressursar, og difor skal den personen som er best kvalifisert til å utføre oppgåvene som ligg til stillinga tilsetjast.

I kommunen sitt reglementet om tilsetjing skal det som hovudregel innstillast to personar til ei stilling. Aanestad har truleg funne eit smotthol frå dette.

Oppedal som vart tilsett, har tidlegare arbeidd om lag eit år som LUK koordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Av arbeidsoppgåvene inngår m.a. å lage kostnads- og finansieringsplan, og skrive søknad til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om LUK midlar. KMD skriv i brev om forvaltninga av tildelte LUK-midlar:

I SF Revisjon IKS sin revisjon av forvaltninga av LUK midlar vert det konkludert med at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har oppfylt kravet i tildelingsbreva om å føre spesifisert rekneskap for arbeidet.

Eg vil med bakgrunn i det gå langt i å påstå at Oppedal utover å mangle relevant formell kompetanse, ògså er uskikka til å ha arbeidsoppgåver knytt til økonomi i forvaltninga. Det er difor sterkt kritikkverdig når Aanestad brukar av fellesskapens midlar på ukvalifisert arbeidskraft i kommunen.

Aanestad har òg gjeve byrjarløn på 435 000 kr. Kommunalsjef Inger Pedersen har ovanfor meg oppgjeve at lønsnivået for stillingstrinnet «konsulent» er frå 360 000 til 400 000 kr etter kvalifikasjonar og ansiennitet. Aanestad har derimot valt å plusse på 35 000 kr — finansiert med skattepengane dine.

Oppedal som tok i mot stillinga arbeidde derimot berre få månader i kommunen før godt betalt permisjon.

Sivilombodsmannen sin uttale i liknande tilsetjingssak

Sivilombodsmannen sitt oppdrag er å kontrollere forvaltninga på grunnlag av klager frå borgarane om urett og feil som er gjort i offentleg forvaltning. Sivilombodsmannen har gjeve uttale til fleire tilsetjingssaker i forvaltninga.

I ei sak som gjeld tilsetjing av prosjektleiar viser Sivilombodsmannen m.a. til kommunen sitt tilsetjingsreglement og kvalifikasjonsprinsippet, og at det ikkje er rettsleg grunnlag for å tilsetje søkjar utan relevant formell kompetanse.

Arbeidstakarorganisasjonen skriv «det kan sjå ut som at det var bestemt på førehand kven som skulle ha stillinga».

Det kan sjå ut som her og. Dessutan, når det var berre 1 søkjar til stillinga burde Aanestad ha stogga tilsetjingsprosessen og lyst stillinga ut på nytt.

Dokument i saka