Nyhende

Må auke straffenivået for brot på arbeidsmiljølova

Arbeids- og sosialdepartementet publiserte 13. januar 2015 ein strategi mot arbeidslivskriminalitet. Regjeringa vil med den kjempe mot arbeidslivskriminalitet, og fremje seriøse og gode arbeidsforhold.

Kriminalitet i arbeidslivet er ein aukande utfordring. Dei som driv systematisk i strid med lover og reglar øydelegg for heile arbeidslivet. Konsekvensane er alvorlege for den enkelte arbeidstakar, samtidig som det får konsekvensar for verksemder og bransjar, og for samfunnet elles.

I strategien vert det lagt opp til styrka felles innsats mellom politiet, skatteetaten, Arbeidstilsynet, NAV og andre offentlege etatar. Det er viktig at politimeldte saker vert følgd opp, og at sakene kjem for domstolane snøggast råd.

Nordfjord Kjøtt-saka

Loen-bedrifta Nordfjord Kjøtt har vore omtala i NRK Sogn og Fjordane fleire gonger for lovbrot. I oktober 2014 vart bedrifta politimeld for fleire brot på arbeidsmiljølova. Bedrifta leverer kjøtt til Rema 1000.

Fleire arbeidarar har fortalt om dårlege arbeidstilhøve. Ein arbeidar har òg vorte pressa til å skrive si eiga oppseiing.

Den 13. mai. 2015 omtalar NRK Sogn og Fjordane igjen arbeidslivskriminaliteten i Nordfjord Kjøtt. Loen-bedrifta hadde gått til ulovleg oppseiing av ein arbeidar. Fjordane Tingrett skriv i dommen at arbeidsgjevaren si sakshandsaming har vore mangelfull, og at heller ikkje oppseiinga var sakleg grunngjeve.

Tingretten kom samrøystes fram til at både oppseiinga og avskjeden av arbeidaren er ugyldig. Nordfjord Kjøtt må betale 220 000 i erstatning for inntektstap og oppreising, og kjøttverksemda må og betale sakskostandane.

Straffenivået må aukast

I ein Ledernytt-artikkel skriv Eivind Senneset Thommessen ved AFF om mislighald og illegitim maktbruk i arbeidslivet. Lista er lang og omfattar m.a. trakassering, favorisering, manipulering, neglisjering av kritikk, forbigåing ved tilsetjingar, misbruk, underslag, korrupsjon og seksuelle overgrep.

Eg meiner at brot på arbeidsmiljølova i større grad må straffast med fengsel for ansvarlege i leiarstilling. Det saman med individuell bøtestraff, og føretaksstraff i % av omsetnad.

Thommessen nemner i sin artikkel at personar i leiarstilling skiftar oftare jobb enn før. Derfor meiner eg at fengselsstraff på vilkår vil vere gunstig. Den vil følgje med leiaren til den nye verksemda. Det vil vere normstyrande og verke preventivt mot nye brot på arbeidsmiljølova.

Brot på arbeidsmiljølova i offentleg sektor må utløyse straffeskjerpande verknader.