Nyhende

Halvferdig politireform

I dag kom meldinga om at Sogn og Fjordane politidistrikt er historie. Distriktet skal slåast saman med Hordaland, og bli «Vest politidistrikt». Eg meiner at dette er eit steg i positiv retning, men vi får ikkje eit betre politi utan reform i påtalemyndigheita.

Det var i føremiddag regjeringspartia presenterte reforma. Partia vart einige om å framheve arbeidet med kultur og leiing, og at alle kommunane skal få ein politikontakt. Det skal òg utarbeidast ein nasjonal handlingsplan for etterforskingsfaget.

Svakt leiarskap og dårleg læringsmiljø

Gjørv-kommisjonen påpeikte ein heil del problem i politiet når det gjeld kultur, haldningar og svakt leiarskap. Eg meiner at svakt leiarskap er noko som kan rettast på strukturelt i eit større politidistrikt. For å få det til må leiarstillingar lysast ut på nytt. Politidistriktet må ikkje få ein ny direktør på toppen, med dei same leiarane under. Det vil berre gjere politiet enno dårlegare enn dei er i dag.

Kultur og haldningar høyrer til i den symbolske sida av ein organisasjon. Det dreier seg ofte om uformelle kulturar, og subkulturar som gror fram internt, og om måten oppgåver og tiltak vert løyst på. Særleg i Hordaland er ukultur eit stort problem. Men det er eit leiarproblem, fordi det er leiarar som har ansvaret for kulturen i ein organisasjon.

Dei fleste som arbeider i politiet har ingen leiarutdanning. Leiing er heller ingen del av politiutdanninga. Det er mange eksempel på leiarar som ikkje tør seie frå når det skjer noko uakseptabelt. Det krev mot å gripe inn ovanfor eigne tilsette.

Flytt påtalemyndigheita til Bergen

Eg meiner som Bjørn Lødemel (H) at vi skal kjempe for å få spesialistfunksjonar til Florø. Det kan gjerne vere funksjonar som ikkje krev utdanning frå politihøgskulen, men ekspertfunksjonar på andre områder frå vanleg høgskule- og universitstsutdanning. Det kan vere bekjempelse av korrupsjon eller økonomisk kriminalitet, eller datakriminalitet.

Problemet med påtalemyndigheita i Sogn og Fjordane i dag, er at den er liten, og har eit miljø som ikkje greier løyse oppgåvene dei er sett til å gjere. Eg vil at påtalemyndigheita skal flyttast til Bergen, for å styrke fagmiljøet i denne funksjonen, slik at det vert utvikla ekspertkompetanse på fleire områder.

Det vil vere bra for innbyggarane i begge fylker.