Nyhende

Fylkeskommunale breibandsmidlar

Eg har tidlegare skreve om fiberbasert breiband i fylket. Dette gjer at hushaldningar og verksemder får eit framtidsretta breiband som taklar dei store datamengdene som framtidas utstyr vil krevje.

Frå 2014 vart det innført ei ny tilskotsordning for utbygging av breiband i Noreg. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) forvaltar ordninga på oppdrag frå Samferdsledepartementet.

Fylkeskommunen har fått ei koordinerande rolle for arbeidet i fylket, og får tildelt pengar frå den nasjonale støtteordninga for utbygging.

Eg er lite begeistra for korleis politikarane i fylket disponerer midlane. For det første delegerer dei all mynde til administrasjonen på fylkeshuset i Leikanger, som fordelar breibandsmidlane og rangerer søknadane til NKOM. For det andre vart budsjettet styrka med 10,6 mill. kr i 2013, men midlane vart tekne ut av budsjettet 2014, 2015 og 2016, og lagt inn i 2017. Kva er vitsen med det?

Fylkeskommunen har 10,6 mill. kr til breiband som dei har flytta på til 2017. I staden er det budsjettert med berre 0,500 mill. kr til å følgje opp breibandsstrategi og løyse ut nasjonale tilskot.

Kva betyr dette for deg?

I tabellen på side to i dokumentet nedanfor står det «etablering». I t.d. Askvoll er det 40 hus med etableringskostnad på 279 375 kr. Det betyr at kvar husstand må punge ut med nesten 7 000 kr i ein «eigenandel» for å få breiband. I tillegg kjem dugnadsarbeid i form av graving.

Med dei pengane fylkeskommunen har, er det berre eit vedtak frå å disponere budsjetterte midlar til å redusere eigenandelen heilt eller delvis. Det føreset at politikarane legg føringar på bruken.