Nyhende

Unseen.is – kryptert e-post og nettprat

Vil du sende kryptert e-post eller kommunisere kryptert på Internett kan Unseen.is vere løysinga for deg. Løysinga er fortsatt som beta, men du kan prøve den allereie no. I dette innlegget skriv eg berre ein kort omtale av betautgåva, og legg ved nokre skjermbilete frå e-postfunksjonen.

001

I biletet nedanfor kan du generere PGP-nøkkel som du seinare brukar når du sender kryptert e-post.

002

Eigen knapp for kryptering.

003

Mottak av kryptert melding vil sjå slik ut før passordet vert tasta inn. I beta-løysinga kan det sjå ut som at berre teksten vert kryptert, ikkje vedlegg. Du bør i så fall kryptere vedlegg særskild med eigna program, som dømevis AESCrypt.

004

Den krypterte meldinga er tydeleg markert.

005