Nyhende

Reform og ny kommunestatus

Kommunal- og moderniseringsdepartementet varsla sumaren 2014 kommunereform, og vil flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar. Alle kommunane skal vurdere kva grannekommunar dei kan slå seg saman med innan utgangen av 2016.

Det er 50 år sidan førre kommunereform og kommunane har fått større ansvar for velferdsoppgåver sidan den gang. Samtidig har den statlege detaljstyringa auka, og kommunane har dei seinare åra flytta fleire oppgåver inn i interkommunale samarbeid.

Velferd, verdiskaping og trivsel

Målet med ny struktur er eit lokaldemokrati som kan ivareta velferd, sikre verdiskaping og trivsel. Regjeringa Solberg ønskjer kommunar som er betre rusta til å handtere oppgåvene dei har, og som kan møte utfordingar og nye oppgåver som kjem i åra framover.

Professor i samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø, Nils Aarsæther, har sett på fordelar og ulemper ved eksisterande kommunestatus. Nokre av funna kan sumerast opp slik:

  • Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer oppdaterte befolkningstal éin gang i kvartalet, og desse vert ofte kommentert i lokal- og regionalmedia. Ny kommunestatus vil føre til at mange områder mistar synlegeita i statistikken som inneheld fleire viktige indikatorar på både næringslivstilstand og buattraktivitet. Indikatorane gjev og grunnlag for tiltak, planlegging og prioriteringar. Dette kan vere ressursoverføringar frå skular til eldre, der demografien tilseier det.
  • Ordførarinnsats for lokalt næringsliv kan opne dører.
  • Kommunale næringsfond har gjeve såkorn som tilfører kompetansearbeidsplassar i kommunen.
  • Kompetansestillingar i kommuneadministrasjonen vil forsvinne.
  • Kommunane involverte i mellom 10 og 25 innovasjonar over ein tiårsperiode. Det er ingen forskjell mellom større og mindre kommunar i innovasjonsarbeidet; bak innovasjonsprosessane finn ein typisk samfunnsentreprenørskap – ofte ved ordførar.
  • Ein ny kommunestatus fjernar eit politisk system dominert av slekt og kjennskap.