Nyhende

Overvaking i strid med konvensjonen om menneskerettar

Ein ny rapport utgjeven av Europarådets parlamentariske forsamling erklærer at personvern på Internett er ein menneskerett. Stikk i strid med oppfatninga til den britiske regjeringa og Obama-administrasjonen i USA.

Europarådet er «djupt bekymra» over utviklinga i Storbritannia og USA som aggressivt overvakar, lagrar og analyserer kommunikasjon mellom innbyggjarane. Det er ikkje berre metadata som vert samla inn, men òg dokumentinnhald og lokaliseringsdata. Det er rutineovervaking av personar som ikkje er mistenkt for kriminalitet.

Som den amerikanske varslaren Edward Snowden tidlegare har fortalt om, arbeider etterretningstenestene systematisk med å bruke og utvikle bakdører og andre svakheiter i tryggingsstandardar – som dømevis kryptering.

I rapporten åtvarar Europarådet om at auka overvaking også er i strid med klausular i den europeiske konvensjonen om menneskerettar, særleg i strid med retten til personvern, ytringsfridom og retten til rettferdig rettargang.

Rapporten vart skriven av den nederlandske politikaren Pieter Omtzigt som er medlem av det nederlandske underhuset, Generalstatenes andrekammer. I innleiinga av rapporten opnar han med eit sitat frå den russiske forfattaren og historikaren Alexander Solzhenitsyn, «Vår fridom er bygd på kva andre ikkje veit om vår tilvere».

Solzhenitsyn vart kjend for å gjere verda merksam på Josef Stalins slave- og konsentrasjonsleirar som var underlagt det hemmelege politiet – den allrussiske ekstraordinære kommisjon for kamp mot kontrarevolusjon og sabotasje. Solzhenitsyn fekk nobelprisen i litteratur i 1970.

Tidlegare denne månaden sa Storbritannias statsminister, David Cameron «om eg er statsministar i neste periode skal eg sørgje for ei omfattande lovgiving som hindrar folk i å kommuniserer trygt på Internett».

Rapport om masseovervaking