Nyhende

Lag ei kryptert mappe med Bitlocker

Kryptering er ein metode som aukar tryggleiken for meldingar og filer, ved å forvrenge innhaldet slik at det berre kan lesast av den som har passordet. Har du Windows 8.1 Pro kan du bruke Bitlocker til å beskytte private filer.

Dette innlegget tek føre seg kryptering av éin liten del av harddisken. Du har 1 harddisk, C: og lagar ei kryptert og passordbeskytta mappe på 500 MB som kan brukast til lagring av private filer. Teoretisk sett er det ein partisjon, men flisespikkeri.

Så, med desse enkle grepa beskyttar du meldingar og filer mot innsyn. Vil du gjere det med ein USB-penn går du i staden direkte til del 2. Del 2 brukar du òg om du vil kryptere heile harddisken (PC-en må i siste tilfelle stø TPM).

Del 1 – Ny partisjon

Høgreklikk nede i venstre hjørne og vel Diskbehandling

01

Høgreklikk på volumet C: og vel Reduser volum…

02

Tast inn 500

03

Høgreklikk på Svart/Utildelt og trykk Nytt enkelt volum

04

Neste

05

Neste

06

Og Neste

07

Så endeleg Fullfør!

08

Del 2 – Kryptering

Gå til skrivebordet og opne Denne PCen, høgreklikk på Nytt volum D: og vel Aktiver Bitlocker

09

Tast inn eit godt passord (hint: bruk gjerne 10 teikn eller meir)

10

Du kan skrive ut som t.d. XPS-format og lagre på D:

11

Vel krypter heile stasjonen

12

Du får ein melding om at krypteringa er fullført

13

Ikonet på stasjonen ser slik ut når den er opplåst

14

Ved omstart av maskina, er stasjonen låst og du må taste inn passordet for å lese innhaldet

15

16