Nyhende

Ytringsfridom under press

Religionshistorikar og forfattar Hanne Nabintu Herland vart første juledag intervjua av Russia Today, ein TV-stasjon som når ut til rundt 700 millionar sjåarar verda over. Intervjuet var på om lag 30 minuttar, og blei sendt på programmet «Worlds Apart», leia av den anerkjente verten Oksana Boyko.

Som troll ut av øskje kom journalistar i norsk rikspresse med desse kommentarane til intervjuet:

  • Debattleiar i VG, Hans Petter Sjøli om Noregs deltaking i Libya krigen:
    «Have a merry bekmørk Christmas»
  • Spaltist i Aftenposten, Jan Arild Snoen:
    «Nabintu Herland legger en ny dimensjon til uttrykket «nyttig idiot».»
  • Journalist i Dagbladet, Harald S. Klungtveit:
    «Hehe! Nabintu Herland så stolt over å bli intervjuet av Putins propagandakanal RT at hun har kjøpt FB-reklame»

 
Haldningane til journalistane over er i samsvar med rapporten «Status for ytringsfridom i Noreg». Dei forsøkjer stigmatisere og latterleggjere debattantar som seier noko politisk ukorrekt. Dette er eit problem som gjer at andre med same oppfatning kan unnlate å dele meiningane sine i frykt for liknande reaksjonar.

Rapporten viser at sjølvsensuren i Noreg er stor; folk sensurerer seg sjølv på grunn av frykt for reaksjonar frå andre. Dette hindrar debattantar å uttrykkje meiningane sine, og det skremmer vekk andre frå å delta i det offentlege ordskiftet. Folk unnlèt å seie si meining i saker som er viktige, enten det er heime, på arbeidsplassen, på Internett og i sosiale medium.

Folk tør ikkje delta når det er stor risiko ved å gi til kjenne meiningar som ikkje er i samsvar med den dominerande forståinga i samfunnet. Dei risikerer represaliar av politisk korrekte klakørar i det politiske etablissementet i rikspressa – som journalistane over, og dei får represaliar av meiningseliten.

Rapporten konkluderte med at den norske staten har realisert ein av det borarlege demokratiets største ambisjonar; å gjere innbyggjarane til politisk korrekte individ, via sjølvsensur. Dette er òg noko den statsstøtta rikspressa i Noreg bidreg mykje til.

Intervjuet

Herland omtalar USAs overgrep i Midtausten, og kva drakraft som ligg bak Vestens feilslegne forståing av den arabiske våren, som blei til ein brutal arabisk vinter. Ho set også eit kritisk søkelys på Noregs deltaking i NATOs krigføring i Libya, eit land som i dag ligg i ruiner.

Vidare reflekterer Herland:

Utover på 1930-talet kom få bekymringsmeldingar frå tyske intellektuelle då Hitler stadig utvida sin aggresjonsstrategi mot andre nasjonar i Europa. Få våga seie noko av frykt for represaliar, å miste privilegiar, miste stillingar og verte utestengt frå det gode fellesskap.

Ein betrakta korleis dei tyske media stadig vart meir einsidige og propagandaprega i tråd med ønskja til rådande politiske elitar, mange uttrykte bekymring over utviklinga og bak lukka dører.

Eit Europa i venstrefascistisk utvikling:

Habermas, Adorno, Horkheimer, Hannah Arendt, Noam Chomsky, Harvey Mansfield og ein rekkje andre har bidrege med kritisk refleksjon rundt utfordingane knytt til at demokratiet lett kan utvikle seg til ein totalitær struktur der makthavarar med kontroll over media styrer befolkninga dit ein ønskjer.

Slike ikkje-demokratiske prosessar svekkjer folkestyret på ein alvorleg måte og kan, viss den ikkje vert stoppa, føre Europa attende til ein venstrefacistisk utvikling med sensurert offentlegheit der målet igjen vert «eit samkøyrt folk som tenkjer likt, ein sterk stat, liten toleranse for annleistenkjande, låg individuell fridom, utestenging frå dei kritiske røyster som bryt med det politisk korrekte og ein leiande, samkøyrt elite som har sterk ideologisk makt over folket.

Herland og andre meiner at vi i dag er i ein liknande situasjon i Europa, der det meir enn nokon gang er avgjerande at intellektuelle og kritisk tenkjande debattantar seier tydeleg ifrå.

Sjå opptak av intervjuet med Herland i Russia Today