Nyhende

Slik beskyttar du digital informasjon

Lokalt

Krypter harddisken din

Kryptering er ein metode som aukar tryggleiken for meldingar og filer, ved å forvrenge innhaldet slik at det berre kan lesast av den som har passordet. Bruk difor kryptering når du vil ha ekstra beskyttelse.

Viss du har passord på PC-en utan kryptering, kan kven som helst med fysisk tilgang kopiere og lese alle filene dine på få minuttar. Dette kan gjerast sjølv om dei ikkje har passordet. Dei seinaste versjonane av Windows 8, Mac OS X og iOS (iPhone/iPad) har innebygde mekanismar for kryptering av lagringsmedium. Klikk på linkane nedanfor for å sjå rettleiing.

Hald ekstra hemmeleg informasjon ekstra trygg

Tenk godt gjennom kva data du har, og ta ekstra trinn for å kryptere og forsegle den mest hemmelege informasjonen du har. Du kan bruke BitLocker til å kryptere USB-minnepennar, men òg filer med AES Crypt. Skulle BitLocker verte kompromittert har du AES Crypt å kvile på.

Det finst organisasjonar som forsøkjer presse antivirusleverandørar til å ignorere spionprogram som dei lagar. Dette utgjer ein stor sikkerheitsrisiko.

For ekstra hemmeleg informasjon kan du òg vurdere lagring på ein billig berbar PC med kryptert harddisk, som alltid er fråkopla Internett. Meininga er å berre redigere eller lese filer. Ein slik PC vil ikkje kommunisere med omverda, og vil difor ikkje sende informasjon attende som eventuelle spionprogram samlar inn.

USB-minnepennar

Slike lagringsmedium er lette å transportere informasjon på, og lette å miste. Har du ein USB-minnepenn du lagrar verdifull informasjon på, må du kryptere heile minnepennen – og filene med AES Crypt.

Smarttelefonar og nettbrett

På smarttelefonar og nettbrett bør du ikkje lagre hemmeleg informasjon. Du bør likevel bruke eit godt passord til å beskytte utstyret, og aktivere alternativa som databeskyttelse på iPad.

Bruk anonymiseringsprogram på Internett

Anonymiseringsverktøya nedanfor krypterar internettrafikken din. Då vert nettsidene du besøker og filer du lastar ned skjult for ein tredjepart. Er du usikker kva løysing du skal bruke, prøv Tor Browser.

Tor Project

Tor-programvara sender internettrafikk gjennom eit verdsomspennande, frivillig nettverk av datamaskiner, med det føremålet å skjule brukaranes plassering eller aktivitet. Ikkje lat deg skremme av det som står i media om Tor. Det er ein strategi å forsøkje skremme vekk brukarar gjennom oppslag i media.

Mullvad

Mullvad er ein VPN-tilbydar som gir deg eit lettvint program du installerar. Når programmet køyrer ser du eit grønt ikon i systemstatusfeltet. Mullvad kan óg brukast på nettbrett.

IPredator

IPredator er som Mullvad ein VPN-tilbydar. Her får du ikkje programvare, i staden må du opprette ei VPN-tilkopling på datamaskina di. IPredator kan óg brukast på nettbrett.

 

Beskytt personleg informasjon

Nettsider

  • Ikkje kryss av for at nettsider skal hugse passordet ditt
  • Når du handlar på nett, ikkje la nettsidene hugse kredittkortet ditt (om du ikkje får alternativ, slett kortinformasjon når handelen er utført)
  • Tøm lesarlogg ofte (det fjernar ikkje berre cookies m.m., men fjernar m.a. gamle JS- og CSS-filer, og gjer den totale surfeopplevinga betre)

E-post

  • Dobbeltsjekk at adresser og eventuelle filvedlegg er rett
  • Ver forsiktig med å opne filvedlegg – også frå folk du kjenner
  • Hemmeleg informasjon bør berre sendast kryptert (sjå kvifor)

Bruk forskjellige passord

  • Bruk aldri same passord på nettsider som du brukar på PC
  • Bruk forskjellige passord på forskjellige nettsider
  • For ekstra hemmeleg informasjon, lag passord som er ekstra sterke

Sikkert passord?

Med eit verktøy som kan prøve 350 mrd. kombinasjonar i sekundet vil det ta:

  • ..10,4 minutt å knekkje SjuuTQzd (8 teikn)
  • ..292 år å knekkje mTUis3jUieJY (12 teikn)
  • ..37 920 år å knekkje PB.Ilhm$9]A> (12 teikn + spesialteikn)
  • ..1,12 mill. år å knekkje TwWTcY4XuYv8ow (14 teikn)
  • ..4,3 mrd. år å knekkje 1dcPTxLernoDH0Bd (16 teikn)