Nyhende

Surf på Internett anonymt

Anonymiseringsverktøya nedanfor krypterar internettrafikken din. Då vert nettsidene du besøker og filer du lastar ned skjult for ein tredjepart. Er du usikker kva løysing du skal bruke, prøv Tor.

Tor Project

Tor-programvara sender internettrafikk gjennom eit verdsomspennande, frivillig nettverk av datamaskiner, med det føremålet å skjule brukaranes plassering eller aktivitet. Sjå torproject.org.

Mullvad

Mullvad er ein VPN-tilbydar som gir deg eit lettvint program du installerar. Når programmet køyrer ser du eit grønt ikon i systemstatusfeltet. Mullvad kan óg brukast på nettbrett. Sjå mullvad.net.

IPredator

IPredator er som Mullvad ein VPN-tilbydar. Her får du ikkje programvare, i staden må du opprette ei VPN-tilkopling på datamaskina di. IPredator kan óg brukast på nettbrett. Sjå ipredator.se.

Anonine

Anonine er ein anna VPN-tilbydar som krypterar internettrafikken og skjuler identiteten din. I likheit med dei andre, så loggar dei ikkje trafikkdata. Anonine kan óg brukast på nettbrett. Sjå anonine.com.

Sjå òg rettleiinga til HW.no