Nyhende

Ikkje bruk amerikanske nettskyer

I natt avslørte Washington Post PRISM, eit program som gjer at den amerikanske etterretningstenesta NSA saman med FBI får samle inn privat informasjon om mennesker frå fleire store innhaldstenester på Internett. Blant desse er Microsoft, Apple, Google, Facebook og YouTube. Piratpartiet er sterkt kritisk til denne rutineovervakinga av vanlege folk i deira kvardag (Foto: konradbak/Fotolia).

Alle mennesker har rett til å ha eit ukrenkelig privatliv, så lenge dei ikkje er mistenkte for ein alvorlig forbrytelse. Denne fullovervakinga av NSA, FBI, og for vår eigen del som det norske politiet snart blir engasjert i gjennom datalagringsdirektivet, er det eit grovt overgrep mot både den enkelte og det frie samfunnet.

Det kvite hus har sagt dei ikkje overvakar amerikanske statsborgarar eller personar innanfor USAs grenser, berre utanlandske statsborgarar utanfor USAs grenser. Viss dette faktisk skulle vere sant, er tross alt det store fleirtalet av mennesker i verden ikkje amerikanarar, men dei har sjølvsagt rett til privatliv uansett. Det ville vere interessant å vite kor mange nordmenn som blir fullovervaka regelmessig og får sine privatliv gjennomlyste av PRISM. I fjor haust var det over 2,7 millionar norske brukarar av Facebook. Kor mange som har filer som er lagra i nettskyer som Apple’s iCloud er uvisst, men det er nok fleire millionar.

I desse dagar har amerikansk etterretning fullført bygginga av organisasjonens flaggskip Utah Data Center i Bluffdale, Utah. Den kjem til å vere i drift frå september i år og har kosta over 11,6 milliardar norske kroner. Dette vil vere det største og mest sofistikerte overvakingssenteret som er designa for masseovervaking.

USA går med dette inn i same kapittel i historiebøkene som austtyske Stasi (ministeriet for statssikkerheit). Det er trist at den norske regjeringa fylgjer med gjennom implementering av datalagringsdirektivet og Internettsensur. Dette viser kvifor Piratpartiets arbeid for personvernet meir enn nokon sinne trengs på Stortinget.

Ikkje bruk amerikanske nettskyer som DropBox, SkyDrive og iCloud

Ingenting av det du lagar i amerikanske nettskyer er verna mot innsyn. Som ikkje-amerikansk statsborgar vil forretningsløyndommar og private filer verte lagra i datasenter hjå amerikansk etterretning. Problema kjem når dei byter informasjon med andre land. Politiet i Noreg kan få ut alt om nordmenn som brukar amerikanske innhaldstenester, i byte mot at amerikanarane får all informasjon som politiet lagrar i Noreg gjennom datalagringsdirektivet og spesielle førespurnader.

[pullquote align=center]
Det blir litt som ”eg spionerar ikkje på deg kjære kone, eg spionerar berre på Petters kone.”
[/pullquote]

Då er det tydeligvis heilt greitt, sjølv om eg byter informasjon med Petter etterpå.

Piratpartiet oppfordrar alle norske borgarar til å beskytte seg mot overvaking på Internett. Ein av dei enklaste tinga ein kan gjere er å skaffe seg ein anonym VPN-teneste som gjer at du kan surfe anonymt på Internett.

Unngå å lagre sensitive filer på nettskyer i statane. Eit alternativ er Mega eller lagre filene dine på eksternt lagringsmedium og krypter dei.