Nyhende

Edward Snowden ein helt

Etter varslaren Edward Snowden sine avsløringar veit vi at innhaldsleverandørar som Microsoft, Apple, Google, Facebook og YouTube har laga til eit grensesnitt som er kopla til den amerikanske militære etterretningsorganisasjonen NSA. Regjeringsorganisasjonen kan plukke ut den informasjonen dei sjølv ynskjer lese, som til dømes e-posten din med vedlegg, sjå på dine private bilete, hente ut informasjon om kontaktane dine osv.

På ein Windows-mobiltelefon vil kontaktane dine bli synkronisert til Microsoft automatisk. Det kan òg skje med bilete og dokument, som til dømes Word-dokument du har motteke på e-post.

Ein kan heller ikkje utelukke at andre innhaldsleverandørar som Amazon som sel bøker på Internett, og antivirusleverandørar som McAfee og Norton også samarbeider tett med NSA. Alle innhaldsleverandørane har plikt ved lov å nekte for slikt samarbeid gjennom spionlovgivinga og The Foreign Intelligence Surveillance Act (FISA).

Nyleg fekk advokat John Christian Elden ei uhyggeleg overrasking på Facebook. Her kjem det fram at amerikansk etterretning satt og leste Facebook-samtalene han hadde med ein klient.

Tilliten til amerikanske innhaldstenester er i fritt fall

Avsløringa rammar ikkje berre personvernet på det grovaste, men vil og få økonomiske konsekvensar for amerikanske innhaldstenester. Tilliten til innhaldstenestene er i fritt fall – og stadig fleire åtvarar mot bruk av amerikanske nettskyer.

Viss føretak i eurosona skal bli leiande på innhaldstenester er det heilt avgjerande at dei får eit lovverk som kan garantere at data ikkje kjem i hendene på regjeringsorganisasjonar.

Piratpartiet oppmodar om å bruke VPN

Piratpartiet oppmodar alle til å beskytte seg mot overvaking på Internett. Det enklaste tiltaket er å bruke anonym VPN-teneste, som gjer at du kan surfe anonymt på Internett.

Samtidig må du unngå lagring av private filer på nettskyer i statane. Eit alternativ er Mega eller lagre filene på eksternt lagringsmedium med kryptering.